Vi vil gjere ein forskjell!
Steinhovden skule
Dette er bloggen til Steinhovden skule som er nærskulen til borna i bygdene rundt Høydalsfjorden. Steinhovden skule er ein fådelt skule med aldersblanda klassar. Det betyr at elevane lærer av kvarandre både fagleg og sosialt sjølv om dei ikkje er like gamle. Den nye læreplanen vi fekk hausten 2020 legg opp til tverrfagleg undervisning, og akkurat det har vi gjort i mange år.
Vi er opptekne av å danne og utdanne borna for framtida slik at dei er godt rusta til å møte utfordringar dei vil møte på vegen. Difor er det viktig at dei får gå på skulen i sitt eige nærmiljø der dei knyter band til menneskje, kultur natur og tradisjonar på heimstaden. Dette legg eit fundament for at elevane vil vende attende til bygda når dei blir vaksne og for at dei vil engasjere seg for å løyse problema som menneskeheita står ovanfor.
Kjærleik til jorda vår og alt som lever er den beste motivasjon for å arbeide for miljø- og klimaspørsmål. Først det nære - så det fjerne - og så kanskje tilbake igjen til heimstaden.
Her bloggar elevar og vaksne om nokre av dei spennande prosjekta vi driv på med på skulen vår, og kanskje kan du lære litt av bloggen vår, du også?
Steinhovden Nærmiljøanlegg
På Steinhovden skule har vi eit fint nærmiljøanlegg som alle kan bruke. Her er det ballbinge der elevane kan spele fotball, volleyball, basketball og andre ballspel. For dei som likar å gjere andre ting, er der klatrepark med bordtennisbord, sjakkspel, og klatretårn og slikt. Vi har også ein super skatepark der både store og små kan finne utfordringar! Dei som skal skate må likevel ha hjelm, og handleddbeskyttarar, albogebeskyttarar og leggbeskyttarar.
No gledar vi oss berre til Korona-tida er over slik at vi kan ferie det flotte anlegget med innviingsfest og skape endå fleire aktivitetar!